tirsdag 27. oktober 2009

Bursdagsfeiring

På fredag hadde Birga bursdag, og det feira vi først på peppes og seinare var vi ute en liten tur.
Her e nåkken bilde frå feiringa:






tirsdag 20. oktober 2009

Tilbake til kvardagen

Etter ei veke med undervisningsfri og oppgåveskriving (og litt ferie), er vi no komt tilbake til Førde. Vi merka at det er tung å komme inn att i kvardagen. Det har gått ei stund sida forrige innlegg, og vi har gjort mykje denne veka. Først og fremst gjort ferdig case nr 1!!!!! HURRA!


Anette og Endre har vert i Stavanger og besøkt ekteparet i helga. Det va en flott køyretur på 8 timar kvar vei. Her har dei blandt anna vore på Preikestolen, i nydelig veir ;)


Ned dette stupet flaksa det en gong en hund etter ei grillpølse


Anette på kanten av stupet! Spenstig!!


Birgitte har vore en tur til Måløy og besøkt vennar, og vore heime på Sandane og feira søstra sine 11 år!

Birga og Lisa i Måløy

Det har vore godt å få slappe av litt denne veka!


I dag er det tirsdag og det betyr kosekveld med Greys Anatomy!! Vi har kosa oss med kjeks, ost, nøtter og te :)

Det har blitt lite lekser sida vi kom tilbake, men satsar på å hente oss inn att i morgon, då vi berre har 2 timar mikrobiologi. Ikkje akkurat favorittfaget, for å sei det sann..


Kosekveld i gamlestøylsvegen:)


Birga har fått nytt smykkeskrin idag!! Netty har samme sort, så no er det orden på diamantane;)

torsdag 8. oktober 2009

Denne veka

Tirsdag hadde vi besøk av tvillingane(søstrene til Birgitte) og besta vår!

Kristina og Nora



Onsdag hadde vi studiedag, og jobba heile dagen med 2. utkast til caseoppgåva. Når utkastet endeleg var levert, bestemmte vi oss for å male ferdig prosjekta våre.


Michael Jackson er ferdig


Anette mala




I dag har vi tatt tidleg helg. Birgitte har reist heim til Sandane og Anette har reist til Bergen for å feire bursdagen til Reidun :)

Neste veke har vi studieveke og blir heime på Sandane, det blir derfor lite blogging.

mandag 5. oktober 2009

Oppdatering frå helga

I helga har vi vore heime og hatt jobbe helg. Men det hindrar ikkje oss i å dyrke den nye hobbyen vår. Vi har komt i gang med vårt nye prosjekt, og her er nokon bilder frå laurdagskvelden på Eide:

Anette fekk litt hjelp av snekker-Nilssen. Han tegnar omriss.


Lett å sjå kem Birgitte skal ha på bildet sitt? Vi brukar prosjektor



Kokke-Kim laga kjempe god kvelds til oss på laurdag, etter mykje hardt arbeid, høhø.


Her er vi samla rundt bordet(Anette tar bildet)


I dag har vi hatt øving på sjukepleiesenteret, vi målte puls, blodtrykk og la trykkbandasje. Her er vi i uniform:)

Kanskje det blir sjukepleiarar av oss en dag.......